Peter Godly Michael har signert!

Spiss med målteft og voldsom fysikk

Vålerenga Fotball og Sogndal Fotball er einige om ein overgang for Peter Godly Michael (f. 10/5 1998).

Peter Godly Michael og Sogndal Fotball er einige om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2022.

Spelaren har slutta seg til troppen og skal straks på trening med sine nye lagkameratar.



- Peter er ein spelar me har fulgt med lenge, seier Trenar Eirik Bakke, som ser på dagens signering i både kort og langt perspektiv.

- Dette er ein spelar som vil passa godt inn hjå oss, me gler oss til å ha han her, seier Eirik.

Peter foran sin nye heimebane ut sesongen 2022
Peter foran sin nye heimebane ut sesongen 2022

Peter kom til Vålerenga i 2018. Etter at han imponerte under treningsleiren i Marbella, signerte han for Oslo-klubben før seriestart. Han fekk ein del speletid for Enga fram til han vart skadd, og han står bokført med 14 kampar og tre skåringar i Eliteserien.

Ein korsbandskade satte han ut av spel for ein lengre periode. Vegen tilbake førte han til utlån i Skeid der han spelte sju kampar og skåra eitt mål under innspurten av sesongen i fjor. Sidan i sommar har han vore på utlån til Øygarden, der han står med seksten kampar og seks skåringar.

No er han altså klar for Sogndal! Me ser fram til kjekke år i lag med Peter Godly Michael!



 

 

Annonse fra Obos-ligaen: