Peter Godly Michael klar for Grorud

Spissen har skrive under for Oslo-klubben

Sogndal Fotball og divisjonskollega Grorud er samde om ein permanent overgang for Peter Godly Michael.

Peter kom til Sogndal i oktober 2020, og fekk debuten sin i kvitedrakta borte mot Ranheim. Han kom då frå spel i Øygarden, der han var på lån frå Vålerenga.

Kraftspissen frå Nigeria spelte 32 kampar og står med åtte skåringar i kvitedrakta. No reiser han til Oslo for å hjelpa Grorud med å halda seg i divisjonen.

- No når Peter vel å reisa til Grorud er dette med bakgrunn i at det er blitt mindre speletid i Sogndal, og at han hadde eit ynskje om klubbskifte. Peter er på utgåande kontrakt, og det er viktig med meir speletid for å få ein restart, seier Håvard Flo om overgangen.

- Med hard kamp om spissplassane i Sogndal er det mest hensiktsmessig for Peter at han no kjem til ein klubb der han kan få jamnleg speletid, seier Flo, som ynskjer Godly lukke til i Grorud.

Me takkar Peter for flott innsats!

Annonse fra Obos-ligaen: