Philip Slørdahl kjem på lån ut sesongen

Midtstoppar med erfaring frå Eliteserien

Sogndal Fotball og Lillestrøm Sportsklubb er samde om ein utlånsavtale for midtstoppar Philip Alexander Kolberg Slørdahl (f. 14/11 2000).

Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2022, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. 

- Philip er ein robust, fin stoppartype med erfaring frå Eliteserien. Me gler oss til å bli betre kjent med han, seier Håvard Flo. 

- Me vel å låna Philip no då han bekler ein posisjon som for tida er skadeutsatt hjå oss. Me har både Mansour Guyeye og Martin Ove Roseth ute med skade, og med Philip på plass vil me styrka denne posisjonen utover hausten. Me får han med oss allereie no i helgas kamp mot Fredrikstad, seier Håvard Flo.



Johan Flo har snakka med trenar Tore André Flo om Philip.

Midtstopparen kom til Lillestrøm frå Sagene somaren i 2018 og har både spelt ungdomsfotball og 2. lags fotball for Kanarifuglane. For A-laget står han bokført med 37 kampar og ei skåring. Oslo-guten har Frigg som barndomsklubb, og han har spelt med det norske flagget på brystet tre gonger for G19-landslaget.

Denne sesongen har han vore på eit kort låneopphald i Sandefjord der han spelte seks kampar før Geir Bakke og kompani ville ha han heimatt til Åråsen 

Foto: Lillestrøm Sportsklubb

Annonse fra Obos-ligaen: