Plassen er sikra: Eventyret held fram

Ein turbulent sesong fekk ein lykkeleg slutt!

Me slo Bjarg 2–1 i Bergen, og vann kvalifiseringa 5–4 samanlagt. Det betyr at me spelar i OBOS-ligaen også i 2027!

Og det 50 år lange eventyret i norsk toppfotball held fram!

Nok har vore skrive og sagt om 2026-sesongen til A-laget i Sogndal Fotball. Kort sagt: Den vart ikkje som me håpa og ønskte.

Då det brant mot slutten av sesongen, fekk me sjå kva som bur i sogningar og fjordingar. Me fekk sjå kor mange som bryr seg om Sogndal Fotball. Og kor mange Sogndal Fotball er. Det var 3 500 på tribuna i siste serierunde mot Hødd. Og 3 100 i den første kvalikkampen.

Sogndal Fotball er alle dykk. Supportarar, unge og eldre spelarar, trenarar, ivrige foreldre i breiddefotballen, pensjonistar, innflyttarar, studentar, støttespelarar, naboklubbar og partnarar.

No står me her med ny OBOS-liga-kontrakt. Og det er takka vere mobiliseringa dykkar: Fulle tribunar og eit brennande ønskje om at me skulle berge plassen og halde fram eventyret i toppfotballen.

Eventyret. For i det store bilete er me framleis Askeladden. Den vetle bygda som skal kjempe mot dei store i toppfotballen.

Heile Sogn og Fjordanes satsing mot resten av Noreg.

Det skal me halde fram med.

No byrjar arbeidet med å ruste klubben og laget for 2027.

Annonse fra Obos-ligaen: