
Poengdeling i toppkampen mot Fjøra
Det enda 2-2 mellom Fjøra og Sogndal 2 på Fosshaugadn i dag Sogndal 2
Det var ein like tett og jamn kamp som venta når Fjøra og Sogndal 2 møttest i dag. Det enda til slutt med poengdeling og 2-2 etter ein fartsfylt avslutning på kampen. Joakim Nundal sendte Sogndal 2 i føringa i fyrsteomgang, men Fjøra snudde kampen til 2-1 før pause. Målet til Elling Ingeson Kvåle på overtid sikra 2-2 og eit viktig poeng i toppen av Kretsligaen.
Det var bortelaget Sogndal 2 som opna best, og skapte fleire sjansar tidleg i kampen. Fyrst etter 26 minutt kom utteljinga når Johannes Konstali-Lødemel la inn frå høgresida. Inne i boksen venta Joakim Nundal og stanga ballen forbi Kristian Rutlin i Fjøra-målet. 0-1 og ein god start på kampen.
Fjøra slo raskt tilbake og etter 31 minutt spelt kom utlikninga. Midtstoppar Anton Sekkingstad var sterkast i feltet på ein corner og fekk stanga ballen i mål. Dette ga heimelaget ein ny boost, og kort tid etter kom leiarmålet. Eit angrep for Sogndal 2 førte til kontring for Fjøra. Målsniken Malvin Gjerde fekk til slutt ballen forbi keeper Magnus Stær-Jensen og heimelaget var i føringa til pause.
Etter pause var det igjen bortelaget som skulle styre banespelet. Sogndal 2 stanga for å få ei ny scoring, medan Fjøra forsvarte seg på meisterleg vis. Til tross for store sjansar ville ikkje ballen i mål, og Fjøra kunne juble kvar gong dei fekk avverga. På overtid av kampen skulle utlikna endeleg kome. Sogndal 2 rulla opp på høgresida til innbyttar Markus Bringas. Innlegget vart blokkert, men frå 11 meter dukka innbyttar Elling Ingeson Kvåle opp og banka inn returen. Like etter scoringa kom Sogndal 2 på eit nytt angrep, men Fjøra fekk avverga og det enda 2-2.
Uavgjort betyr at begge lag blir ståande på like mange poeng, og at Eid og Høyang overtek 1. og 2. plassen i Kretsligaen. Det blir ein tett og jamn kamp i toppen av tabellen i år også. Neste kamp for Sogndal 2 er på heimebane mot Eid. Kampen spelast torsdag 23. mai klokka 19:00 på Fosshaugadn!
STAO NO PAO!
-
12Østli
-
17Andresen
-
7Bringas
66'
-
5N. Heggestad
-
22Kvåle
79'
'
-
15Olsen
57'
-
14Ravnestad
88'
-
8Årøy
-
16Duesund
65'