Poengdeling mot Egersund

Oliver Hintsa og Edmund Baidoo scora, men det vart berre eitt poeng mot Egersund

Ein mållaus fyrsteomgang gjorde at det stod 0-0 til pause mot Egersund. Etter kvilen sendte Oliver Hintsa oss i føringa, men bortelaget snudde kampen med 2 mål på 3 minutt. Edmund Baidoo utlikna til 2-2, og det var diverre ingen fleire scoringar. Dermed enda det med poengdeling på Fosshaugadn i kveld.

Den fyrste omgangen enda mållaus til tross for at begge lag hadde moglegheiter til å få ballen i mål. Fyrst etter pause kom scoringane, og Oliver Hintsa sendte oss i føringa. Etter 50 minutt spelt snappa han ei feilpasning og satte ballen kontrollert i mål. 1-0 på Fosshaugadn.

Kort tid etter kom det ein særs god periode for bortelaget. Etter 63 minutt heada Andreas Helmersen inn 1-1 etter mykje forvirring og rot i feltet. Daniel Arrocha fekk klarert ballen ut, men dommaren dømte ballen over streken og det stod 1-1. Berre 3 minutt seinare gjekk det gale igjen. Egersund kom seg fri på venstresida, og fekk spelt ballen ut til 16-meteren. Innbyttar Heine Larsen fekk skutt, krangla med seg returen og skutt igjen før ballen låg i mål. Plutseleg stod det 1-2, og me måtte fram på nytt.

Etter 80 minutt spelt kom utlikninga og det var Edmund Baidoo som var siste Sogndalspelar på ballen. Jacob Blixt Flaten lobba ballen fint over til Baidoo. Høgrekanten fekk avslutta og Ådne Midtskogen klarerte ballen inn i eige mål. 2-2 og ein sluttspurt var i gang. Diverre kom det aldri fleire mål, og poenga må delast med Egersund.

Neste kamp er borte mot Lyn på Bislett Stadion. Kampen spelast søndag 16. juni klokka 15:00, og me håpar på eit sterkt bortefelt. Tusen takk til alle som kom på kamp i dag. Me går for 3 poeng i neste!

PS: Sogndal 2 spelar heime mot Dale klokka 19:00 i morgon. Kom på kamp og følg toppkampen på Fosshaugadn!

STAO NO PAO!

Asset 1 Asset 2
1
Jendal

11
Hoven
Substituted out 59'
17
Sjølstad
32
Øren
4
Rodriguez Arrocha
2
Eriksson
Substituted out 66'

6
Høyland
8
Flaten

30
Flataker
Substituted out 66'
9
Hinsta
Goal 49'
7
Baidoo
Substituted out 87'
Innbytarar
13
Flo
Substituted in 59'
10
Skaanes
Substituted in 66'
37
Konstali-Lødemel
31
Nundal
Substituted in 66'
36
Årøy
35
Sætren
20
Twum
77
Borgthorsson
Substituted in 87'
16
Olugbe
Innbytarar
  • 13
    Flo
    Substituted in 59'
  • 10
    Skaanes
    Substituted in 66'
  • 37
    Konstali-Lødemel
  • 31
    Nundal
    Substituted in 66'
  • 36
    Årøy
  • 35
    Sætren
  • 20
    Twum
  • 77
    Borgthorsson
    Substituted in 87'
  • 16
    Olugbe

Annonse fra Obos-ligaen: