Poengdeling mot Start

Kristoffer Nessø med flott mål etter 1-1 mot sørlendingane

Sjå fyldig kampreferat i Firdaliven


Det vart 1-1 og poengdeling då me barka i hop mot Start på Fosshaugane Campus i dag.

Stillinga til pause var 0-0. Det var Kristoffer Nessø som skåra 1-0 målet i det 55. minuttet, Sander Sjøkvist utlikna tjue minutt seinare.

Les om kampen i Sogn Avis

Eirik Schulze var tilbake på Fosshaugane, men han må sjå at det ikkje vart noko retur til Eliteserien denne sesongen





Kristoffer Nessø har vist flott form i haust, no gler han seg til kvaliken.

Vår poengdeling og resultata i dei andre kampane gjer at me no i praksis er sikra kvalik.

Eirik Bakke håpar at han kan avslutta trenarjobben med siger i siste kampen på Fosshaugane. Me snakka med han etter kampslutt.


Les om kampen i Porten

Slik enda kampane i runde 29
Aalesund - Ull/Kisa 4-2
HamKam - Fredrikstad 1-0
Jerv - Raufoss 2-0
Ranheim - Bryne 2-4
Sandnes Ulf - KFUM 1-1
Sogndal - Start 1-1
Strømmen - Grorud 1-3
Åsane - Stjørdals-Blink 1-1

Status etter runde 29 er då at me kan gratulera våre vener i Ålesund med opprykk! AAlesund har gjort ein god sesong i år, og no skal dei tilbake til Eliteserien! Frå før var allereie HamKam klare.

Jerv tek 3. plassen og nyopprykka Fredrikstad tek ein sterk 4. plass. Begge desse er klare for kvalifiseringsspel. Per no ligg Sogndal og KFUM på 5. og 6. plass, men Åsane kan også få kvalikplass, noko óg Sandnes Ulf kan få i teorien. Nederst på tabellen ser me at Strømmen no må ned eit hakk, og at Ull/Kisa sloss mot Stjørdals-Blink om å unngå den andre nedrykksplassen.

Her er tabellen før siste serierunde.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 HamKam HamKam 30 21 6 3 62 21 41 69 V V V V U
2 Aalesund Aalesund 30 16 10 4 68 43 25 58 T V U V V
3 Jerv Jerv 30 15 9 6 49 46 3 54 T V T U U
4 Fredrikstad Fredrikstad 30 15 7 8 60 42 18 52 V T U T T
5 KFUM KFUM 30 12 8 10 46 45 1 44 V V U V V
6 Sogndal Sogndal 30 11 9 10 40 35 5 42 T T U U T
7 Åsane Åsane 30 11 7 12 44 53 -9 40 U U T V V
8 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 10 9 11 43 49 -6 39 U U V V T
9 Start Start 30 10 8 12 59 59 0 38 U U V T V
10 Bryne Bryne 30 11 4 15 44 48 -4 37 T V V T T
11 Raufoss Raufoss 30 10 5 15 51 54 -3 34 U T V T T
12 Ranheim TF Ranheim TF 30 9 7 14 56 62 -6 34 T T T T V
13 Grorud Grorud 30 10 4 16 45 59 -14 34 T V V U V
14 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 30 8 7 15 32 50 -18 31 V U U T U
15 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 7 8 15 34 50 -16 29 V T T T U
16 Strømmen Strømmen 30 4 12 14 32 49 -17 24 V T T V T


Sogndal – Start 1–1 (0-0)

OBOS-ligaen, 29. serierunde, Fosshaugane Campus, laurdag 20. november

Mål: 1-0 Kristoffer Nessø 55. min, 1-1 Sander Sjøkvist 75. min

Gule kort: Amin Nouri, Sogndal

Domar: Christian Moen, Løvenstad

Tilskodarar: 1573

Sogndal (3-4-3): Renze Fij – Daniel Eid, Eirik Lereng (Mansour Gueye frå 83.), Per-Egil Flo – Amin Nouri (Johan Bakke frå 83.), Axel Kryger, Mathias Blårud, Andreas Hoven – Steffen Skålevik (Kristoffer Hoven frå 83.), Jerome Akor Adams, Kristoffer Nessø

Start (4-2-3-1): Amund Wichne - Peter Reinhardsen(Vegard Bergan frå 86.), Luc Mares, Henrik Robstad (Henrik Gjesdal frå 67.), Kristoffer Tønnessen - Emir Derviskadic, Sander Sjøkvist - Eman Markovic, Eirik Schulze, Cameron Cresswell (Sander Svela frå 67.) - Martin Ramsland

Annonse fra Obos-ligaen: