Poengdeling mot Strømmen

Arierhi sende Sogndal i leiinga, men Strømmen slo tilbake.

Samandrag frå kampen kjem.

Me måtte nøye seg med eitt poeng då Strømmen gjesta Fosshaugane Campus søndag kveld.

Det vart aldri nokon stor fotballkamp på Fosshaugane. Strømmen hadde mest ball gjennom store delar av oppgjeret, og kampen utvikla seg til ein skikkeleg krigekamp med mange duellar.

Sogndal sleit særleg før pause. Etter kvilen la Eirik Bakke om til 4-2-3-1, og det gav betre balanse og meir kontroll i spelet. Heimelaget kom høgare i bana og fekk etter kvart skapt nokre farlege situasjonar.

Etter 75 minutt kom leiarmålet. KP Arierhi snappa opp eit tilbakespel til Strømmen-forsvaret, runda keeper og sette ballen kaldt i mål frå skrått hald. Eit mål som såg ut til å sikre tre viktige poeng.

Men Strømmen gav ikkje opp. Då klokka viste 88 minutt kom utligninga til 1-1, og dermed vart det poengdeling på Fosshaugane.

Sogndal pressa på i sluttminutta, men klarte ikkje finne eit nytt vinnarmål. Sjølv om det var surt å miste leiinga så nær full tid, fortjente me ikkje alle tre.

Me tek med seg eitt poeng frå ein kamp der prestasjonen ikkje var på sitt beste.

STAO NO PAO

Asset 1 Asset 2
1
Jendal

4
Hovland
14
Haruna
23
Barkarson
Substituted out 41'
32
Øren

5
Harrison
Substituted out 45'
7
Woxen
16
Vapne
Substituted out 90'
19
Pippola

9
Arierhi
Substituted out 84'
Goal 74'
10
Skaanes
Innbytarar
8
Gausdal
Substituted in 45'
15
Helén
Substituted in 84'
20
Asp
Substituted in 90'
31
Kongelf
35
Hillestad
Substituted in 41'
38
Sundal
39
Flo
Innbytarar
  • 8
    Gausdal
    Substituted in 45'
  • 15
    Helén
    Substituted in 84'
  • 20
    Asp
    Substituted in 90'
  • 31
    Kongelf
  • 35
    Hillestad
    Substituted in 41'
  • 38
    Sundal
  • 39
    Flo

Debut: Harald Woxen
Debut: Harald Woxen
Blø for drakta: Kristoffer Lassen Harrison
Blø for drakta: Kristoffer Lassen Harrison

 

Annonse fra Obos-ligaen: