Poengdeling på Åsane Arena

Det enda 1-1 mot Åsane, og me tek med oss eitt poeng heim til Sogndal

Etter å ha tatt leiinga i fyrsteomgang, kom Åsane tilbake etter pause. Dermed enda det med poengdeling på Åsane Arena i kveld. Resultattavla viste 1-1 når dommaren blas i fløyta for siste gong, og Edmund Baidoo scora vårt mål.

Det tok 34 minutt før den fyrste scoringa i kampen skulle komme. Etter flotte kombinasjonar på venstresida vart Oliver Hintsa spelt gjennom. Avslutninga vart redda av keeper, men returen satte Edmund Baidoo sikkert i mål. 0-1 var også stillinga til pause.

I andreomgang hadde begge lag gode moglegheiter til å score, men ingen av sjansane vart omsett i scoring. Fyrst i det 86. minutt fekk Åsane utteljing for ein periode med bra trøkk. Eit innlegg frå venstre gjekk over heile feltet, og blei heada ned til midtstoppar Magnus Bruun-Hanssen. På volley banka han ballen i mål, og det stod 1-1 på tavla. Det blei også sluttresultatet på Åsane Arena i kveld.

Tusen takk for støtta til dei som møtte opp på bortefeltet i dag! Me går for 3 poeng i neste kamp! Den kjem allereie på laurdag når Moss kjem på besøk til Fosshaugadn!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: