Poengdeling på Fosshaugane

Det vart ikkje heilt den opningskampen me hadde håpa på

Me starta sesongen heime på Fosshaugane Campus, mot Sandnes-Ulf. Oppgjeret enda 1-1, etter at gjestene var i leiinga til pause.

Bortelaget fekk eit billig mål etter berre eit minutt då ballen spratt over sisteskanse Lønne Dyngeland.

Tross ein sjansefattig 1.omgang fann me formen etter kvilen og fekk betalt då Badou skåra i det 79.minutt. Me kunne avgjort til eigen fordel etter fleire store sjansar heilt på tampen, men kampen ebba ut i poengdeling.


Annonse fra Obos-ligaen: