
Poengtap etter store sjansar mot Stabæk
Det enda 1-1 på Fosshaugadn i dag, og me klarte diverre ikkje å få den avgjerande scoringa A-laget
Me fekk ein god start etter ferien med scoring frå Martin Sjølstad og 1-0-leiing til pause. Med store sjansar og straffespark burde leiinga vore større, men det var istaden Stabæk som scora på straffespark. Difor enda det med eit surt poengtap i den fyrste kampen etter ferien, men nye sjansar kjem allereie på onsdag!
Etter ein jamn start på kampen var det karadn som tok over, og ein skapte fleire gode sjansar før pause. Etter 20 minutt kom målet, og det var venstreback Martin Sjølstad som var farleg frampå. Eit flott innlegg frå Lukass Vapne fann hovudet til Sjølstad, og sneik seg forbi Magnus Sjøeng. Ei fortent leiing, og karadn fortsatte å angripe. Det stod 1-0 til pause.
I andreomgang fortsatte sjansane å kome, og ein hadde gode moglegheiter til å score både 2-0 og 3-0. Istaden ar det bortelaget som fekk straffe og utlikna til 1-1 etter 76 minutt spelt. Også etter scoringa kom ein til store sjansar, men heller ikkje no ville ballen i mål. På overtid vart Sebastian Pedersen lagt i bakken i feltet, og Lukass Vapne gjekk fram. Det fyrste forsøket gjekk i mål, men grunna to berøringar måtte den takast på nytt. På forsøk 2 vart det diverre redning, og kampen enda 1-1.
Neste kamp spelast allereie på onsdag. Me møter Moss på Melløs, og håpar å sjå mange på bortefeltet.
STAO NO PAO!