Poengtap på overtid

Ole Amund avslutta med skåring - Årdølen Eirik debuterte frå start

Det vart 1-1 og poengdeling mellom Jerv og Sogndal på Levermyr Stadion i Grimstad.

Les om kampen i Sogn Avis

Skåringa vår kom heilt på tampen av kampen, og det var Ole Amund Sveen som ekspederte ballen i garnet bak heimelaget sin keeper. Dette var Ole Amund sin aller siste kamp i kvitedrakta, no tek den sympatiske guten turen nordover for å spela for Bodø Glimt. Me takkar han for tida i lag!

Sogn Avis snakka med Ole Amund etter kampen.

Jerv utlikna nesten fem minutt på overtid, slik at me mista to dyrebare poeng.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Trenar Eirik Bakke sendte utpå eit ungt mannskap frå start, og ekstra kjekt var det at debutant Eirik Lereng stod opp og tok oppgåva som ein dreven veteran. Årdølen har jobba veldig godt på feltet den siste tida, og no vart han belønna med spel i OBOS-ligaen. Bra levert, Eirik!

Her er TV-bileta frå kampen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Me er no halvspelt i årets seriespel, og me har denne tabellen.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 24 18 1 5 74 39 35 55 V V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 24 16 5 3 70 35 35 53 U V U V V
3 Strømsgodset Strømsgodset 24 15 6 3 61 31 30 51 V U V V V
4 Stabæk Stabæk 24 14 3 7 57 31 26 45 T T T V T
5 Odd Odd 24 11 6 7 50 38 12 39 V U T V V
6 Bryne Bryne 24 12 2 10 33 31 2 38 T T V V V
7 Hødd Hødd 24 10 4 10 40 48 -8 34 V U T T T
8 Ranheim TF Ranheim TF 24 9 4 11 61 58 3 31 T U U V V
9 Egersund Egersund 24 8 5 11 36 49 -13 29 U U U T T
10 Lyn Lyn 24 8 4 12 39 49 -10 28 U U V T T
11 Strømmen Strømmen 24 7 5 12 38 55 -17 26
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 24 7 4 13 35 45 -10 25 V U T T U
13 Moss Moss 24 7 4 13 38 54 -16 25 T V T V T
14 Sogndal Sogndal 23 6 5 12 38 53 -15 23 U T T U T
15 Åsane Åsane 24 5 5 14 34 53 -19 19 U U U T T
16 Raufoss Raufoss 23 6 1 16 26 61 -35 19 T T T V T

Neste helg kjem Ull/Kisa til oss. Me har noko å revansjera frå vårkampen, og kan lova at karane vil gjera alt dei kan for å senda dei gulkledde over fjellet med halen mellom beina. Kjøp billett til kampen her.

Annonse fra Obos-ligaen: