
PølseVIP
Søndag 4. juni inviterar me til PølseVIp i forkant av Sogndal - Sandefjord kampen.
Me ynskjer sommaren velkomen og håpar du tek turen for å heie på karane våre, når dei møter Sandefjord til kamp på Fosshaugane Campus.
Ved å kjøpe billetten PølseVIP har ein tilgang på vårt VIP og mingleområde. Mat og drikke er levert frå Kafe Krydder, og inkludert i prisen er pølsebuffet og èin drikkebong.
Det er mogleg å kjøpe alkohol i baren i VIP-området.
Råvarene er sjølvsagt lokale kvalitetsvarer med mykje godt tilbehør.
Ta med deg familien eller ein kompis, og kom 1 time før kamp. Me lovar god mat, god stemning og ekte fotballglede!
Matserveringa startar kl. 17:00.
Pris kr 499,-
(Har du sesongkort på Sognekraft vil det vere moglegheit til å oppgradere til pølseVIP - sjå eigen mail)
Sogndal - Sandefjord
Søndag 4 juni kl. 18:00
Fosshaugane Campus
STAO NO PAO!
Info
Me opnar dørene kl. 16:30 til vårt VIP-område
i 2. etg på Fosshaugane Campus.
Oppmøte er ved Sognekraftinngangen ved port 2.
Der vil de vil bli møtt av vår vert, som gjev dykk billettar og VIP-band.
PROGRAM
Kl. 16:30 VIP-området opnar
Kl. 17:00 Pølsebuffet frå Kafe Krydder opnar.
Kl. 17:20 Informasjon frå Sport
Kl. 18:00 Kampstart Sogndal-Sandefjord
Kl. 18:45 Pause med varmt og søtt
Kl. 19:00 2. omgang