Velkomen til Sogndal, Kacper

Sogndal har signert Kacper Bieszczad (23). 

Sisteskansen var nyleg på eit ti dagar langt prøvespel i saftbygda. No har han skrive under ei kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen.

– Eg er veldig glad for å bli ein del av denne klubben. Då eg var her på prøvespel, vart eg verkeleg imponert over fasilitetane og organisasjonen. Eg trur dette er ein god stad for meg å halda fram utviklinga mi, seier Kacper.

Kacper vert imponert over fasilitetane.
Kacper vert imponert over fasilitetane.

Kacper kjem til Sogndal med verdifull erfaring frå polsk toppfotball. 23-åringen står bokført med 27 kampar i den øvste divisjonen i Polen for klubbane Zagłębie Lubin og Raków, og har i tillegg representert heimlandet på ​samtlege aldersbestemte landslag.

Etter eit opphald i portugisisk fotball har Kacper den siste tida stått utan klubb, men etter eit velukka prøvespel på Fosshaugane er han no klar for nye utfordringar i den kvite drakta.

Fekk eit godt inntrykk

Hovudtrenar Luis Pimenta er nøgd med å få den polske målvakta inn som ein del av keeperlaget.

– Han var her i ti dagar og vart kjent med rutinane våre, prosessane og folka i klubben. Eit prøvespel handlar om meir enn berre det sportslege nivået på bana. Det handlar òg om å bli kjent med personen. Me fekk eit veldig godt inntrykk av Kacper, seier Pimenta.

Kacper fekk vist seg fram i treningskampen mot Stabæk (1-1).

– Han spelte ein god kamp mot Stabæk og presterte godt både i den offensive og den defensive delen av spelet, seier hovudtrenaren.

Sosial type

Kacper skildrar seg sjølv som ein sosial person med klare mål for tida i Sogndal.

Velkomen!
Velkomen!

– Eg kjem frå ei lita bygd sør i Polen. Som person er eg open, snill og ikkje spesielt sjenert. No handlar det fyrst og fremst om å trena fast med laget og koma inn i kamprytmen att, fortel nysigneringa.

Han er tydeleg på kva som er hovudfokuset hans no.

– Haldninga mi er å hjelpa laget med å nå måla me har sett oss for sesongen. Eg håpar å utvekle meg vidare her.

Me ønskjer Kacper hjarteleg velkomen til Sogndal og Fosshaugane Campus!

På søndag er det generalprøve før serieopninga i OBOS-ligaen. Me møter Åsane heime på Fosshaugane Campus kl. 15.00. Sjåast! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: