
Preben Asp matchvinnar i herleg slitesiger!
Preben Asp kom inn frå benken og banka inn vinnarmålet mot Mjøndalen! A-laget
Det vart nok ein gong dramatisk i sluttminutta mot Mjøndalen, og også denne gongen sit me igjen med 3 poeng! Oliver Hintsa satte inn 2 scoringar før pause, men Mjøndalen kom tilbake til 2-2. Innbyttar Preben Asp avgjorde i siste ordinære minutt og sikra sigeren!
Me fekk ein kjempestart på kampen når Oliver Hintsa stod godt plassert i boksen. Eit innlegg frå venstre landa ved vår svenske spiss som banka ballen i mål. 0-1 etter 6 minutt! Og Hintsa var ikkje ferdig der. Allereie etter 15 minutt var han på rett plass igjen. Corneren frå Fábio Sturgeon landa midt framfor målet, og inne blant ei stor klynge var spissen vår fyrst på ballen. Frå ca. 1 meter dobla han leiinga til 0-2!
Mjøndalen skulle kome tilbake i kampen, og etter 36 minutt fekk dei straffespark. Reduseringa til 1-2 var eit faktum, og det vart ein jamnare kamp. Etter pausen var det også Mjøndalen som scora fyrst. Til tross for nokre enorme sjansar for karadn kom utlikninga til 2-2 etter 62 minutt spelt.
Med 5 minutt igjen av kampen var Oliver Hintsa ferdigspelt, og inn kom Preben Asp. Like før fulltid markerte han seg med den avgjerande scoringa. Martin Sjølstad kriga med seg ballen frå venstresida, og ballen landa i beina på Asp. Frå utanfor 16-meteren dunka han ballen i mål med høgrefoten. Ballen gjekk i stolpen og i mål, og målscoraren kunne sleppe jubelen laus!
Då var det naturleg at det var nettopp Preben som tok ropet saman med fansen:
Me fekk også ein prat med målscoraren før avreise heimover:
Hovudtrenar Luis Pimenta var ein glad mann etter dagens kamp. På same måte som i heimekampen mot Mjøndalen, vart det jubel på slutten av kampen i dag. 3 poeng er med heim på bussen:
Tusen takk for støtta frå bortefeltet! No ser me fram mot 1. runde i cupen på onsdag. Bjarg er vår fyrste motstandar på vegen mot Ullevaal!
STAO NO PAO!