Pressemelding: Eksterne undersøkingar
Pressemelding frå Sogndal Fotball.
Sogndal Fotball sitt styre har 9. juli 2026 vedteke at det skal gjennomførast eksterne undersøkingar knytte til dei mottekne bekymringsmeldingane.
For å sikre ei grundig, uavhengig og rettferdig handsaming av saka vil klubben engasjere ytterlegare ekstern ekspertise til å gjennomføre undersøkingane. Føremålet er å etablere eit best mogleg faktagrunnlag og sikre at alle involverte partar blir høyrde på ein forsvarleg måte.
Klubben legg stor vekt på å ivareta dei tilsette sin rett til å seie frå i trygge og ordna former, samstundes som trenaren si rettstryggleik og krav på ein korrekt og ryddig prosess blir tekne vare på. Dei eksterne undersøkingane blir gjennomførte i tråd med gjeldande lover og reglar, samt anerkjend beste praksis.
Sogndal Fotball og Luis Pimenta er i dag samde om at Luis Pimenta trer til side som hovudtrenar for Sogndal Fotball fram til og med 16. august 2026. Pimenta trer til side for å bidra til å skape ro rundt undersøkingane som blir gjennomførte i samband med dei mottekne bekymringsmeldingane.
Begge partar er opptekne av at bekymringsmeldingane blir tekne på alvor og undersøkte på ein god måte, og dei eksterne undersøkingane vil medverke til dette.
Klubben vil komme tilbake med oppdatert informasjon når det ligg føre eit tilstrekkeleg og avklart grunnlag for det.
Av omsyn til personvern, arbeidsmiljø og den pågåande prosessen vil Sogndal Fotball ikkje kommentere saka ytterlegare før undersøkingane er avslutta.
Ut over dette har partane ingen ytterlegare kommentarar på noverande tidspunkt.