Pressemelding frå Sogndal IL Fotball: Lisensrapportering på raudt

Sogndal IL Fotball rapporterer på raudt i halvårsrapporteringa for 2025

NFF Lisensrapportering

  • NFF lisensrapportering handlar om å levere økonomisk og anna relevant informasjon til Norges Fotballforbund (NFF) for å oppfylle lisenskrava for å delta i organisert spel. Kjerneelement inkluderer innsending av budsjett, reknskapsgrunnlag og kommentarar til desse, samt at klubbane må rapportere sine inntekter, kostnadar, spelarlogistikk og resultat årleg for å dokumentere finansiell helse og forsvarleg klubbdrift.

Innleiing
Sogndal Fotball rapporterer på raudt i halvårsrapporteringa for sesongen 2025. Dette er eit resultat av strategiske og medvitne val, og ikkje uttrykk for svak økonomi. Klubben og konsernet har prioritert investeringar og langsiktig sportsleg satsing framfor kortsiktig rapportering.

Score
Lisensscoren vår er på 22,4 poeng. For å rapportere på gult måtte vi hatt over 65 poeng.
Vi scorar godt på fleire sentrale indikatorar, som:

  • Berekraftig resultat
  • Personalkostnader (maks score)
  • Egenkapitalandel

Dette viser at konsernet har ein solid økonomi og god kontroll på dei langsiktige økonomiske rammene.

Forklaring på låg score
Dei låge scorene på halvårsresultat (før skatt), arbeidskapital og likviditet heng saman med følgjande forhold:

  1. Investering i Svingen
    Konsernet har valt å bruke all fri kapital til å betale investeringar i Svingen, framfor å trekkje opp eit dyrt byggelån. Per 30.06.2025 var 95% av prosjektet ferdigstilt og 91% av kostnadene bokført, medan byggelånet berre var trekt opp med 55%.
    Hadde vi nytta meir av byggelånet, ville både likviditet og arbeidskapital vore vesentleg betre, og scoren truleg høg nok til å rapportere på gult. Når byggelånet vert konvertert til pantelån i september/oktober, vil dette bli retta opp.
  2. Investering og resultat Idrettssenteret

Det vart i 2024 gjort store investeringar i oppgradering av lokala og utstyr til Idrettssenteret. Dette og litt nedgang på medlemmar har utfordra økonomien til treningssenteret på kort sikt, men vil kome i balanse i løpet av komande år

  1. Resultat i klubben
    Klubben budsjetterte med eit negativt resultat på 4 millionar i 2025, etter eit godt resultat i 2024. I tillegg har klubben investert i spelarar før inntektene frå sal har kome. Dette har påverka både likviditet og resultat negativt per 30.06.
    Sal av eigne spelarar og vår andel av sal av spelarar frå andre klubbar har allereie retta opp dette, og vi forventar eit vesentleg betre resultat enn budsjettert ved årsslutt.

Vidare arbeid og handlingsplan
Klubben skal utarbeide ein handlingsplan som tek opp i seg:

  • Omgjering av byggelån til pantelån
  • Netto spelarsal vs. spelarkjøp

Dette vil danne grunnlaget for handlingsplanen som skal leverast til lisensnemnda i NFF.

I tillegg har styret og klubben teke grep for å betre den underliggjande drifta. Målet er å sikre ei berekraftig drift uavhengig av dotterselskap og spelarsal. Dette vil styrke det økonomiske handlingsrommet for sportsleg satsing på A-lag og utviklingsavdeling, og bidra til eit godt tilbod for barn og unge i klubben.

Til slutt er det viktig å understreke at investeringane i dotterselskapa til klubben ikkje går ut over satsinga i klubben. Tvert imot styrkar desse investeringane klubben finansielt i normale tider. Når det derimot vert investert og ledig likviditet vert brukt for å unngå tidleg låneopptak, svekkar dette enkelte parameter i lisensrapporteringa. Dette er ein mellombels effekt, og rapporteringa per 31.12.2025 vil vise ein meir normal situasjon.

Annonse fra Obos-ligaen: