Pressemelding: Mellombels hovudtrenar

Pressemelding frå Sogndal Fotball.

Eirik Bakke held fram som mellombels hovudtrenar for A-laget til Sogndal Fotball til og med 16. august.

Me er glade og takksame for at Eirik stiller opp for å hjelpe klubben sportsleg.

Eirik vil dermed leie laget i kampane mot Ranheim (26. juli, heime), Lyn (2. august, borte), Bryne (9. august, heime) og Sandnes Ulf (16. august, heime).

A-laget har no ferie. Fellestreningane startar opp att 16. juli.

Annonse fra Obos-ligaen: