
Pressemelding: Ny dato for årsmøtet i Sogndal Idrettslag Fotball
Årsmøtet i Sogndal Idrettslag Fotball blir flytta til ny dato
Styret i Sogndal Idrettslag Fotball har etter anbefaling frå Vestland idrettskrets beslutta å flytte årsmøtet til ein seinare dato. Dette skuldast feil i medlemsregistreringa, som må rettast opp for å gjennomføre eit gyldig årsmøte. Beslutninga er gjort i samråd med Sogndal Idrettslag.
Ny dato for årsmøtet blir tysdag 29. april kl. 18:00. Ny innkalling kjem.
I tillegg til at Sogndal Idrettslag Fotball er eige idrettslag/rettssubjekt, inngår fotballklubben i ein idrettslagsallianse med Sogndal Idrettslag. Sogndal Idrettslag er sjølve allianseidrettslaget, medan Sogndal Idrettslag Fotball er idrettslag i idrettslagsalliansen. NIFs lov § 10-7 seier blant anna: «Medlemmar i idrettslaga pliktar å inneha medlemskap også i allianseidrettslaget.» Dette betyr at om ein person melder seg inn i Sogndal Idrettslag Fotball, pliktar personen også å vera medlem av Sogndal Idrettslag. Ein må difor betale medlemskontingent både til Sogndal Idrettslag Fotball og til Sogndal Idrettslag.
Ein har ved fleire høve fått informasjon frå Norges Idrettsforbund som seier at det er tilstrekkeleg å vere medlem i Sogndal Idrettslag. Systemet har hatt utfordringar med allianseidrettslag, og dette gjeld alle allianseidrettslag i Norge. Difor har det ikkje blitt sendt ut faktura til medlemmar i Sogndal Idrettslag Fotball. Det betyr i praksis at Sogndal Idrettslag Fotball ikkje har aktive medlemmar, og at ingen ville hatt stemmerett på årsmøtet. Idrettskretsen har difor kome med anbefaling til styret i Sogndal Idrettslag Fotball om å utsetje årsmøtet.
Det er årsmøte som skal fastsetje medlemskontigenten kvart år. Lavaste medlemskontingent årsmøtet har anledning til å vedta er kr. 50,- pr. medlem. Om fotballklubben ikkje har oppdatert lov, kan dette også takast som ei sak på styremøtet. Styret i Sogndal Idrettslag Fotball har difor vedtatt at medlemskontigenten skal vere 50,- pr. medlem. Alle noverande medlemmar i systemet vil få ein faktura innan kort tid. Merk at alle medlemmar må betale medlemskontigent til både Sogndal Idrettslag OG Sogndal Idrettslag Fotball.
Me vil kome med meir informasjon og framgangsmåte for innmelding i ei ny sak her på heimesida. Siste frist for innmelding er 21. mars slik at ein er garantert å stå som betalande medlem seinast 30 dagar før årsmøtet.
Mvh
Styret i Sogndal Fotball