Proffkontrakt for Mathias

Ny sogndøl på A-laget

Sogndal Fotball og Mathias Sundberg (f. 10/1 2002) har i dag signert ein proffkontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2022.

Mathias er har gått gradene i Sogndal Fotball, frå miniputt og no til A-laget.

Ung og spennande: Mathias Sundberg
Ung og spennande: Mathias Sundberg

- Det er veldig kjekt at me kan ynskja ein ny ung og lokal gut velkomen i A-lagsgarderoben. Mathias har hatt ein stor utvikling dei siste par åra med Sogndal 2 og G19-laget vårt. No tek han eit nytt steg, dette blir spennande, seier ein glad trenar Eirik Bakke.

Unge Sundberg har alltid skåra mål, både flotte, spektakulære mål, og typiske goalgettarskåringar.

- Mathias er ein smart fotballspelar som er veldig flink til å posisjonera seg i boksen, seier Bakke.

- Mathias er ein målsnik, ein skikkeleg målskårar. Me har leita etter ein slik spelar, og Mathias har eit stort potensiale til å utvikla dei ferdigheitene me er på jakt etter. Me treng ein målskårar som han i laget, seier Eirik Bakke.

Mathias Sundberg skal neste veke på samling med G18-landslaget på La Manga. Han fekk debuten med flagget på brystet i fjor haust, og skåra eit flott mål mot England.
Les også: Fornya tillit for Mathias

- Mathias er utruleg dedikert. Du ser svolten i augene hans, han har ein "drive" etter å bli ein så god fotballspelar som mogleg. No er det opp til Mathias sjølv, han må gjera jobben, og gjer han det rett, kan dette bli veldig bra, avsluttar Eirik Bakke.



Me gler oss til fine år og nettsus i lag med denne flotte sogndølen! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: