Ranheim - Sogndal

Extra Arena, Avspark klokka 15:30

Det er duka for storkamp i Trondheim i den 19. runden av OBOS-ligaen!

Me har reist nordover til Barteby og klokka 15:30 i dag står me klare til dyst i Ranheimsfjæra!

Det er tre år sidan me var her sist. Då reiste me heim med tårer i augene. I dag skal me gjera alt for at me kan reise heim med gode smil!

Fotballen er jo slik at den neste kampen alltid er den tøffaste og vanskelegste så langt i sesongen. Me har spelt 18 tøffe kampar, og står no framføre den brattaste kneika så langt i år.

Slik gjekk det i runde 18

Me rundspelte og knuste Ranheim sist på Fosshaugane. I dag er det ein heilt ny kamp! Me kjem til å møta karar som skal straffa oss etter 0-4 – og eit lag som verkeleg treng poeng om dei skal henga med på øvre del av tabellen. Om det var tøft i Ågotnes, vil det bli beintøft her i Trondheimsfjorden!



Slik såg det ut då me møtte dei tidlegare i sommar

Difor gjentek me nok ein gang: Me skal på med arbeidshanskane og ha full innsats i nitti minutt. Me skal vera tøffe i hovudet og flytta bein og spela ball. B-gjengen på sidenlina vil stå på i nitti minutt og piska karane sine fram!

Bakke, Bøe og Bolseth tok med seg karane til Trondheim på torsdag. I går vart dagen brukt godt til trening og kvile. Me er veldig godt førebudde!



Me snakka med Eirik før avreise

Det har vore tett mellom kampane når ein føler ein har fått pusta bittelitt meir med kun kamp måndag og laurdag same veka! Me har kome godt ut av denne travle perioden, og no kjem det litt meir luft mellom kampane framover.

I runde 19 har me denne speleplanen

Men først skal me ta skalpen på Ranheim! Og det skjer i dag, slik at me reiser på bussen i kveld med gode smil rundt munnen og tre poeng i bagasjerommet på bussen!

Før kampane i dag har me denne tabellen

Runde 19 av OBOS-ligaen 2020
Ranheim – Sogndal
Extra Arena, Ranheimsfjæra
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: