Rasmus Mo trer inn som konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball!

Sogndal Fotball er glade for å innformera om at Rasmus Mo trer inn som konstituert dagleg leiar!

Sogndal Fotball er glade for å innformera om at Rasmus Mo trer inn som konstituert dagleg leiar!

Rasmus er eit kjent fjes for mange, og ein med eit stort hjarte for klubben. Han var tilsett i Sogndal Fotball mellom 2007 og 2022 med fleire ulike roller, og dagleg leiar mellom 2020 og 2022. Han har lang erfaring og eit godt nettverk som vil vera ein god ressurs for klubben i den kommande tida.

Rasmus vil fungera som dagleg leiar fram til tilsetjinga av ein permanent dagleg leiar er på plass. No vil styret halda fram prosessen, og det var viktig for Rasmus at både styret og organisasjonen får ro inn mot ein travel og viktig periode for klubben.

Dei tilsette vart informert tidlegare i dag, og Rasmus har møtt spelarane før dagens trening.

Styret er veldig glad for at Rasmus har takka ja til å bidra den kommande tida. Han er ikkje ein av søkjarane til rolla som dagleg leiar.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: