Raufoss - Sogndal

Nammo Stadion, avspark klokka 15:30

Slik gjekk det då me møtte Raufoss tidlegare i somar


Det står berre att ti kampar av årets sesong når me i dag går laus på siste tredjedel av OBOS-ligaen 2020!

Me vil få sjå tøffe kampar no i denne fasen av seriespelet. Lag vil vera desperate etter poeng i begge endar av tabellen. Det er tredve poeng å spela om, tre av desse skal delast ut på Vestre Toten i dag!

Runde 21 går over to dagar, med seks kampar i dag, og to i morgon. Våre karar skal i Elden på Nammo Stadion i Raufoss med avspark klokka 15:30. Me har ein tøff bortekamp i vente!

Etter ei lang rekkje med kampar utan tap, gjekk me på ein smell mot Ranheim sist me var på tur. Helga etter vart det uavgjort mot Tromsø, og denne treningsveka har gått til å samla overskot inn mot kampen. No vil me inn på vinnarsporet att!

Slik ser tabellen ut før dagens kampar

Me vil få sjå ein spelesugne og svoltne karar i kvitedrakta i dag! Det var ein fokusert og munter gjeng med bandittar som reiste over fjellet i går. Dei klør etter å koma i gang med kampen! Me gler oss til møtet med Raufoss!

Me skal ut mot eit lag som er vonde å møta på Nammo Stadion sitt kunstgras, og det betyr at Eirik Bakke og kompani må køyra same oppskrift som alltid – her er det berre til å få på seg arbeidshanskane og trøkka til! Med bånn gass og full innsats skal den fine gjengen vår putta tre poeng i bagasjerommet på bussen før returen over Filefjell!

Me har passert midtvegs i oktober, som dei siste dagane har servert store delar av landet strålande vêr. Under kampen i dag vil det vera delvis skya, litt flau vind og rundt 8-9 grader.

1920x1080_stopp

Me har ein spanande fotballhelg i vente. Men, den viktigaste av alle kampar denne helga er kampen mot rasisme! Fotballen skal vera for alle. Slike hendingar me har sett døme på i det siste, er uønska i norsk fotball! Med kampanjen #STOPP! Skal ein setja fokus på dette.

No er det nok! Rasisme og diskriminering på fotballbana skal vekk ein gang for alle!

Karane er klare! Me gler oss! Dette blir ein kjekke dag på Toten!

21. runden av OBOS-ligaen 2020
Raufoss – Sogndal
Nammo Stadion
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: