Reaksjonane etter kampen

Glade for tre poeng på ein dag då det kladda litt

Me slo HamKam for tredje gong i år på sundag.

Etter treningskamp i Marbella og seriekamp på Hamar, visste me at dette er eit vanskeleg lag å møta, og på sundag måtte karane slita skikkeleg for å dra i land tre poeng.

Eirik Bakke var glad for tre poeng då han snakka til laget i garderoben etter kampslutt.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Me snakka med nokre av aktørane etter kampen. Målskårar Sigurd Haugen fekk ny nettkjenning mot HamKam, og står no med sju fulltreffarar.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Kaptein Lønne Dyngeland fekk clean sheet og kunne notera tre nye poeng i banken.

Trenar Eirik Bakke var glad for dei tre poenga på ein dag då det ikkje heilt stemte på bana.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

I går var det restitusjonstrening, i dag hadde gutane fri. I morgon startar oppkøyringa mot kampen til helga: Jerv-Sogndal, som går av stabelen på sundag klokka 18.00 på Norac Stadion i Arendal.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: