Reiser til Skandinavisk Meisterskap

Vårt Nasjonal G16-lag skal på nye eventyr denne veka

Sogndal NG16 deltek på Skandinavisk Meisterskap i Gøteborg denne veka.

Vårt Nasjonal G16-lag har gjennomført ein flott sesong i serien, og hamna på ein 4. plass i samandraget. Ligaen består av dei beste klubbane i landet.

Dei tre beste laga kvalifiserte seg til deltaking i Skandinavisk Meisterskap, og då eit av laga ikkje reiser, fekk me tilbod om å delta i turneringa. Den går av stabelen i denne veka, me deltek i lag med Viking og Brann frå Norge.

I Sverige skal me spela kamp onsdag og torsdag, gutane får seg ein fridag på fredag, før dei siste to kampane går laurdag og søndag.

Les også: Sogndal G-16 er klare for Skandinavisk meisterskap

Skandinavisk meisterskap er ei turnering for dei beste laga i Skandinavia fordelt i alderstrinna 16-19år. Sogndal har delteke to gonger før, og me hugsar godt korleis me gjekk heilt til topps veka etter NM-gullet i 2018.

- Dette er ein fin moglegheit til å møte dei fremste laga i Skandinavia, seier Terje Skjeldestad, før han legg til at me gler oss til å reisa til Sverige med gutane, og testa oss mot dei beste referansane i Sverige, Danmark og Norge.

Turen vil bli oppdatert på Facebooksida til Sogndal Fotball Utvikling, men me vil óg koma med oppdatering på heimesida vår.

På biletet over ser me troppen, og det er bak frå venstre: Andreas Duesund, Mathias Øren, Sander Heggestad, Noah Heggestad, Andreas Kalstad, Joakim Nundal, Sander Kilen, Enok Naustdal, Kristian Stenhaug, Markus Bringås og Daniel Sætren.
Framme frå venstre: Sondre Midthjell, Marius Årøy, Viljar Stavø, Lidvin Hestetun, Kristoffer Steinset, Kristian Kongelf, Ingvar Kolbjørnsen. Ola Lerheim Olsen ikkje tilstades då biletet blei teke (Foto: Jon Navarsete).

Støtteapparatet består av Erling Ola Fykse, Knut Ripe, Tommy Øren, Geir Inge Heggestad og Terje Skjeldestad. 

Me ønskjer god tur og lukke til!

Annonse fra Obos-ligaen: