Rekordstor Kiwi Bama Cup grunna fantastiske frivillige!
Årets Kiwi Bama Cup vart ein stor suksess! Breiddefotballen
Me er stolt ambassadørklubb for Kiwi Bama Cup som blir arrangert i samarbeid mellom NFF, Bama og Kiwi. Turneringa har tidlegare hatt namna Bendit Cup og Eat Move Sleep Cup, men no er det samarbeidet mellom Kiwi og Bama som gjeld!
I år var det heile 199 lag som var påmeldt til turneringa. Det er ny rekord, og ein auke med 17 lag sidan den førre rekorden i 2024! Fordelt over 2 dagar vart det spelt 404 kampar for gutar og jenter mellom 6 og 12 år. Sognahallen og Fosshaugane Campus vart fylt opp av ivrige og glade fotballspelarar som fekk mange gode opplevingar, og ikkje minst trenarar og føresette som fulgte spent med. Sjå bileta frå laurdagen under:
Me ønskjer å rette ein stor takk til alle dei frivillige som la ned mange dugnadstimar gjennom helga. Rigg og førebuing, parkeringsvakter, kioskvakter, fair-play, dommarar og mykje meir har vore ein heilt avgjerande del av arrangementet! Utan dykkar innsats kunne me aldri gjennomført slike arrangement. Me rettar også ein takk til alle laga som deltok på årets turnering og ønskjer dykk hjarteleg velkommen tilbake neste år!
STAO NO PAO!