Renze med ny kontrakt

Keeperen vår blir verande i Sogndal

Sogndal Fotball og Renze Jagger Fij er samde om å forlengja samarbeidet for to nye år. Den nye avtalen trer i kraft 1/1 2022 og strekkjer seg fram til 31/12 2023.

- Me er veldig glade for at Renze blir verande her i Sogndal, seier Håvard Flo.

Renze skreiv under papira med eit godt smil rundt munnen.

- Eg er glad for at avtalen er forlengja, då Sogndal Fotball er ein fin klubb for meg, og eg vil veldig gjerne rykka opp med klubben. Familien og eg trivst veldig godt her i Sogndal, og no ser me fram til to nye og fine år her i Saftbygda, seier Renze.

To nye år med Renze Jagger Fij
To nye år med Renze Jagger Fij

Flo har mange godord å seie om sisteskansen vår.

- Med Renze på laget, har me ein keeper som held eit veldig høgt nivå, og han er samstundes ein veldig flott person og ein mentor inn mot dei andre spelarane.

Renze kom til Sogndal før fjorårssesongen, og står oppført med 54 kampar i Sogndalsdrakta.

Me kjem med ei større sak og intervju med vår nederlandske ven ved eit seinare høve.

Annonse fra Obos-ligaen: