- Respekter tilrådinga frå helsemyndigheitene!

Uromeldingar kring bruk av idrettsanlegget på Kvåle

Sogndal Fotball har dei siste dagane fått uromeldingar kring bruk av idrettsanlegget på Kvåle.

Det vert meldt at det er klynger med aktive på området, noko som er i strid med dei råda som gjeld i desse tider.

- Me ber om at foreldre og føresette respekterar tilrådinga frå helsemyndigheitene, der det ikkje må drivast organisert aktivitet eller at større grupper samlast for å trena. Det er særs viktig at tilrådingane vert fulgt og at me alle tek ansvar i dess tider, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.

- Me kan ikkje vera politi og visa vekk folk frå området, men ber om at alle respekterar dei signala som er gitt. Det er viktig at me held oss aktive og er i fysisk aktivitet. Men slik situasjonen er no, må dette gjerast åleine eller i små grupper (2-3 personar) og at ein held tilrådd avstand til kvarandre, avsluttar Mo.

Annonse fra Obos-ligaen: