Retro-Jon før kampen

Me har fått Jon Navarsete til å sjå inn mot morgondagens kamp mot Lillestrøm!

Lillestrøm er ei stormakt i norsk fotball. I morgon kjem Kanarifuglane til Fosshaugane.

På biletet over frå 2012 ser me Kenneth Udjus, som gjekk frå Sogndal til Lillestrøm. Trenar Eirik Bakke er kaptein, og Isak Scheel kom til LSK frå Sogndal (foto: Rune Sjøberg).

Då Sogndal slo LSK 1-0 på Åråsen i 1982, første året i eliteserien, vart det ramaskrik. Slik det vart i 1997 då det vart ny siger, 3-1. Og ut porten med trenarduoen Brogeland/Pellerud.

Etter det dramatiske nedrykket i fjor, har LIllestrøm kun hatt  eitt mål for auga -  direkte opprykk. Der ligg dei før kampen mot Sogndal. Men dette kan Sivert Mannsverk og Co gjera vanskelegare for kanarifuglane med eit skikkeleg krafttak og siger i kveldens kamp. Troppen er så godt som skadefri, og mot favoritten Lillestrøm har dei svart-kvite alt å vinna.

Glade karar etter 2-0 mot LSK på Åråsen tidlegare i år - blir det ny jubel i morgon?
Glade karar etter 2-0 mot LSK på Åråsen tidlegare i år - blir det ny jubel i morgon?

Det har skjedd før. Som i 2002 då det vart 5-2 siger og ein frustrert Emile Baron i LSK-buret ikkje visste si arme råd. Rune Bolseth kan jo forklara elevane sine korleis han laga to mål i den kampen!

Me tapte begge kampane for Lillestrøm i 2017, så det er tid for å revansjera dette. Med kløkt og stor innsats har me trua på ei god kveldsstund på Fosshaugane. 

Elles er det fleire kjende fotballnamn som har spelt for begge klubbane. Frode Grodås, Lasse Opseth, Isak Scheel, Mons Ivar Mjelde, Kenneth Udjus,Stig Arne Gjellestad og Frode Birkeland.

Lasse Opseth i kjent positur
Lasse Opseth i kjent positur

Det er seks kampar att av denne heilt spesielle sesongen, fire av  dei på heimebane, Sogndal har heng på tetlaga Tromsø og Lillestrøm. Stao Pao - alt er mogleg!

Annonse fra Obos-ligaen: