Retro-Jon før kampen

Sandnes Ulf - Sogndal klokka 15:30 i morgon

Ny bortesiger mot Sandnes Ulf? 

Det er tid for møte med Sandnes Ulf. Laget som slo oss 2-0 på Fosshaugane i sommar. Ved sida av Lillestrøm, det einaste laget som har straffa oss på heimebane.

Revansje mot eit hardtsatsande Sandnes Ulf kan bli vrient nok, Rogalendingane har store ambisjonar og her heilt sikkert skuffa over resultata til no denne sesongen. Særleg har laget vore prega av lekkasje bakover. 

Med nytt stadion, Østerhus Arena var laget spådd å kjempa i toppen. Trenar Steffen Landro kom frå Nest Sotra, og er sikkert innstilt på å kopiera sigeren frå i sommar. Men det har vore svært varierande resultat frå jærlaget. 

Ulf Sandnes vart skipa i 2004, og laget spela tre sesongar i eliteserien, 2012-2014. Henrik Furebotn, Eirik  Schultze, Oddbjørn Skartun og Lennox Kanu har alle spelt for både Sogndal og Sandnes Ulf. 

Det same har Axel Kryger og Tomas Kristoffersen, og dei klør etter å få spela mot gamleklubben i morgon.

Av namn å merka seg er to svært sentrale spelarar, Magnus Grødem og Kent Håvard Eriksen. Med høvesvis 12 og 11 mål kan det vera lurt å halda auga med dei. 

Grødem-namnet stammar frå Bryne, og farfar Magnus Grødem var ein real bauta og solid forsvarsklippe då Sogndal spelte i 2. divisjon mot jærlaget i 1973. 

Eit anna interessant poeng:  

Treningskamp på La Manga like før seriestart i 2012. Sogndal tapte 0-8 for Sandnes Ulf. Trenar Jonas Olsson trudde vel knapt det han såg. Men kva skjedde i serieopninga mot Odd i Skien mindre enn to veker etter? Sogndal slo tilbake med solide 4-0. Fotball kan så visst by på overraskande resultat. 

Søndag håpar me på ny sterk borteinnsats! Stao Pao! 

Annonse fra Obos-ligaen: