Retro-Jon før kampen

Jon Navarsete har sett litt på Åsane før kampen i morgon

Klart for siste seriekamp på heimebane. Åsane frå Bergen har overraska stort denne sesongen med god angrepsfotball. På Myrdal gras sleit me lenge før det losna og 4-1 var eit faktum. Interessant duell blir det mellom Henrik Udahl, toppscorar med sine 19 mål i Obosligaen. Kristoffer Hoven står med sine 17 like bak, og han skal prøva å ta att Kurt Mørkøre sine 20 seriemål frå 2000. Det må i så fall bety eit nytt hat-trick frå den robuste sogndalsspissen. Hoven er førebels tredjemann på sogndallista over flest seriemål. Lasse Opseth hadde 18 i 1983.

Åsane og Sogndal har i mange år utveksla spelarar. Namn som Christian Kalvenes, André Herfindal, Roar Fredriksen, Petter Bakke og Rune Vindheim for å nemna nokre.

I år har vikjen Kristoffer Valsvik hatt stor framgang og vore ein av drivkreftene i eit spennande åsanemannskap. Det blir eit hyggeleg bekjentskap på Fosshaugane.

Elles skjer det mykje på anleggsfronten for bergenslaget. Eit nytt stadion er under bygging, saman med ei enorm utbygging av handballhall, ishockey og squash blant anna. Bydelsklubben i Åsane kan fort bli ein lei motstandar i åra som kjem. Då må dei bli filnkare å utnytta ressursane og mulegheitene. I fleire år den store klubben hatt tilhald i Oboslilga-døra, men som regel ramla ned att.

For Sogndal handlar det no om å finna tilbake den gode rytmen, energien og flyten. 22. desember kan det bli kvalik på Fosshaugane mot kanskje Ranheim, eller kan det bli Åsane på nytt?

Annonse fra Obos-ligaen: