Retro-Jon før kampen

Jon Navarsete håpar på revansje mot Grorud!

I morgon skal me spela mot Grorud. Avspark på Fosshaugane er klokka 15:30.

Her er det vel greitt å ta fram eit kjent ord frå idretten:

Revansje.

Det var forsmedeleg å tapa klart for Grorud i sommar. 1-3 etter nokre merkelege baklengsmål. Spelarane er heilt sikkert svært innstilt på å retta opp det inntrykket!

Grorud er nykomar i Obosligaen. Klubben som har passert  vel 100 år var NM-vinnar i futsal i 2015. Kjende namn i klubben er skihopparen Vegard Opaas og friidrettsjenta Hilde Fredriksen.

No er det fotball som rår grunnen for dei blå-gule. Onsdag scora Martin Høyland to mål i den viktige 2-1 sigeren over Strømmen. Det betyr ny giv og nye krefter for Grorud som kjempar for eksistensen saman med 6-7 andre klubbar.

Suverén toppscorar er 19-åringen Oscar Aga med sine 12 mål. Igoh Ogbu og dei andre i sogndalforsvaret for sørga for å gje han den mottakinga han "fortener" på Fosshaugane!

Trenar  for Grorud er Eirik Kjønø. Han vart kåra til "årets unge trenar" i 2018. Samhald og kameratskap har vore viktig for han i oppbyggjinga av laget som no altså skal visa at dei kan overleva debutåret i Obosligaen.

Stao Pao! Me går for ny, god heimekamp for dei kvite og svarte og 3 heimepoeng.

Annonse fra Obos-ligaen: