
Retro-Jon før kampen
Jon Navarsete ser inn mot kampen mot Ull/Kisa
Innspurt der alt kan skje
Ullensaker/Kisa neste. Lenge sidan Sogndal har spela kamp kl 13 ein heilt vanleg måndag: Ullensaker/Kisa har etablert seg i Obos-ligaen, rett nok med varierande resultat. For Sogndal har UKI Arena vore ein vanskeleg stadion å beherska. Med to kampar att, er det berre å senka skuldrane og få fart på ballen og beina - om ikkje like overtydane som i vårkampen på Fosshagugane (6-1), så vonleg nok til å ta med 3 poeng heim.
Keeper Stefan Hagerup har vore ein god sisteskanse hjå dei gul-grøne. Han var i Sogndal frå 2015-2017. Svenske Jonas Olsson førte laget opp i Obos-ligaen i 2015.
Ekstra kjekt er det at Edin Øy (23) har etablert seg på Ull/Kisa. Det same er Ole Breistøl i ferd med å gjera. Begg har fedre med fortid i Sogndal. Ivan Øy frå 1990-93, og Ole Petter Breistøl frå 1973-74. Sognablod kan fort visa seg å gjera godt for dei gul-grøne. Så pass på Sivert Mannsverk og Co!
Mykje tyder på at det kan bli kvalifisering på Fosshaugane 22. desember. Men først skal det sankast poeng mot Ullensaker/Kisa, og komande søndag når Åsane kjem på besøk. 2020-sesongen har vore spesiell på mange måtar. Korleis det endar må me kanskje venta til 2021 før me veit det heile og fulle svaret på?