RETRO-JON FØR KAMPEN

Jon Navarsete har sett litt på Ranheim før kampen i morgon

På´an igjen, Ranheim

Fotball så tett innpå julehelga har me aldri opplevd på Fosshaugane. Tiårets beste julepresang er to kampar unna. Mykje godt skal skje om Sogndal maktar den oppgåva, å kopiera Ullevål-dramaet 20 år etter. Det er sjølvsagt muleg. Litt talmagi kanskje?  2000 – 2020 – 2 - 20.

Første utfordring er fintspelande Ranheim. Laget me møtte på tilsvarande vis i 2017. Tapte etter straffekonkurranse, noko som sende trønderane til eliteserien. Surt tap. Motivasjon nok til å kriga dei i senk no. Trur nok revansjelysta vil lysa i augene på sogndalspelarane til denne kampen. På Fosshaugane har me hatt taket på dei blåkledde frå Ranheim, men dei har bydd på tøff motstand. Unnataket var i den bleike i augustsola i år då Sogndal sjokkopna og sende fire ballar bak Ranheim-målmannen.

Kvalifisering er ikkje noko nytt for Sogndal. Dette blir nummer 15 i rekkja, og fem av dei har enda med opprykk. I 1964 vart det suksess og endeleg opprykk til 3. divisjon, etter siger over Fana og Baune. Dette sørga for spel utanfor fylket. Ein liten revolusjon. Ein av spelarane på dette laget, Oddvin Vatlestad spelte eit par sesongar for nettopp Ranheim på slutten av 60-talet.
 

Sogndal kvalik 1964
Sogndal klarte opprykk til 3. divisjon i 1964. Eit gjennombrot og viktig steg i utviklinga av sogndalsfotallen.

Suksess vart det også i 1972 og 1976, begge gonger med siger over jærlaget Vigrestad og opprykk til 2. divisjon, andre nivå. Frå 1976 har Sogndal vore der oppe, og imponerande 18 sesongar i eliteserien. Dette må me ha med i tankane og ikkje ta det som opplagt.
 

Knut Chr scorar mot Vigrestad 1976
Knut Christiansen krigar ballen i mål mot Vigrestad i 1976. Svein Bakke jublar i bakgrunnen.

I 1996 kom eit nytt opprykk etter kvalik mot Odd Grenland. Dagens trenar, Eirik Bakke var banens beste og scora i heimekampen (4-1). Neste opprykk står skrive med gullskrift i  fotballsoga. Tommy Øren si heading og 2-2 mål på gjørmeblaute Ullevål, noko som sende Vålerenga og Kjetil Rekdal hovudstups ned ein divisjon. Stort betre blir det ikkje. Ei enorm oppleving me gjerne tek ein reprise på. Det er 20 år sidan.  Men det er lurt å vera budd på hard motstand mot dei blå frå Ranheim.
 

kvalik 2000 mot Vålerenga
Tommy Øren har scora mot Vålerenga på Ullevål i 2000. 2-2 var det som skulle for å sikra opprykk, og samstundes senda VIF ned ein divisjon. Magisk augneblink.

 

Annonse fra Obos-ligaen: