- Rett og slett pinleg!

Trenar Eirik Bakke var ikkje nøgd med korleis me framstod i Stjørdal

Det vart ein tung dag på jobb i Stjørdal for Eirik Bakke og hans menn i dagens oppgjer mot Stjørdals-Blink. Me gjekk på eit sviande 2-1 nederlag, og Eirik var ikkje nøgd med det me leverte i dag.

Heimelaget kom tidleg i føringa og kunne gå til pause på stillinga 1-0

Etter kvilen kom karane på bana med nytt mot i ny formasjon. Kristoffer Hoven utlikna og Blink fekk ein mann utvist. Men i staden for å sikra seg ein tre-poengar, rota me det til for oss sjølve og fekk ei skåring i mot slik at sluttstillinga vart 2-1 til heimelaget.

Les om kampen i Sogn Avis



Sjå fyldig kampreferat i Firdaliven

Endre Kupen slakta seg sjølv og lagkameratane etter kampen:  - Dette var ikkje godt nok!





Me snakka med ein veldig skuffa trenar: - Rett og slett pinleg! Slik kan me ikkje framstå, var trenarens knusande dom.

Kaptein Kryger var veldig skuffa etter kampslutt



Les om kampen i Porten

Stjørdals-Blink – Sogndal 2–1 (1–0)

OBOS-ligaen, 2. serierunde, M.U.S Arena, onsdag 19. mai

Mål: 1–0 Runar Hauge 5. min, 1–1 Kristoffer Hoven 57. min, 2–1 Ask Tjærandsen-Skau 82. min

Gule kort: Jakob Skille, Vegard Fiske, Stjørdals-Blink, Axel Kryger, Sogndal

Raudt kort: Jakob Skille, Stjørdals-Blink

Domar: Martin Berg, Hunstad FK

Tilskodarar: 600

Stjørdals-Blink (4–3–3): Rasmus Sandberg – Vegard Fiske, Håvard Lorentsen, Robin Utseth, Aleksander Foosnæs – Morten Strand, Kjetil Tøsse (Lars Ramstad frå 85.), Ask Tjærandsen-Skau – Joachim Olufsen (Marius Augdal frå 68.), Jakob Skille, Runar Hauge (Lasse Bransdal frå 76.)

Sogndal (3–4–3): Serigne Mbaye – Axel Kryger (Noah Solskjær frå 83.), Martin Ove Roseth, Adrian Solberg (Eirik Lereng frå 46.) – Daniel Eid, Johan Bakke (Kristoffer Valsvik frå 46.), Mathias Blårud, Iver Skorve (Endre Kupen frå 46.) – Kristoffer Nessø, Kristoffer Hoven, Peter Godly Michael (Filip Mardal frå 81.)

Annonse fra Obos-ligaen: