Rindarøy har signert

Ole Martin Rindarøy blir Sogndalspelar dei neste tre åra

Ole Martin Rindarøy (f. 16/5-1995) og Sogndal Fotball er samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2020.

Rindarøy er allereie godt kjend i klubben og miljøet, då han var på lån frå Molde seks månadar i fjor haust.

Artikkelen held fram under intervjuet med Rindarøy.


I låneperioden hjå Sogndal spelte Ole Martin seks ordinære Eliteseriekampar og to kvalifiseringskampar. Han hadde kampens einaste scoring mot Ranheim i kvalifiseringa før sesongslutt.

- Det var ein flott haustsesong for Ole Martin i fjor, me er difor glad for at han kjem til Sogndal på permanent overgang frå Molde, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Ole Martin Rindarøy Kvalifiseringskamp Ranheim Fosshaugane
Ein flott haustsesong for Ole Martin. Foto: Toril Walker Norheim

- Ole Martin fann seg godt til rette i bygda og i klubben. Det er viktig for oss han, som moderne backtype med offensiv legning og hurtigheit, ville halde fram karriera hjå oss, held Flo fram.

- Det skal bli interessant å fylgje utviklinga hans vidare, der me håpar han fortset der han slapp i 2017, avsluttar Flo.

Ole Martin Rindarøy RanheimH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Etter kampen mot Ranheim 2017. Foto: Toril Walker Norheim

Ole Martin var i moderklubben Gossen IL i Aukra kommune, før han vart Moldespelar i 2011. Han har gått gradene i Molde FK, og fekk sin debut i Tippeligaen for A-laget 9.juni 2014, då Molde slo Brann 4-2. Han mangla ein kamp frå å bli seriemeister dette året, men han vart cupmeister.

Rindarøy var på utlån til Start i 2015-sesongen, der han spelte 20 kampar for sørlandsklubben. I 2016 var han på utlån til Lillestrøm, der han spelte 21 kampar for kanarifuglane. Etter eit halvt år tilbake i Molde gjekk han på utlån til Sogndal. På dette halvåret spelte Ole Martin ni kampar for Molde, både i NM og Eliteserien.

Annonse fra Obos-ligaen: