Ronan Darcy på lån ut året

Den engelske midtbanespelaren er endeleg i bygda

Sogndal Fotball og Bolton Wanderers Football Club er samde om ein låneavtale på Ronan Thomas Darcy (f. 4. november 2000). Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2021.

- Dette er ein spennande spelar med offensive ferdigheiter som kan bekle fleire midtbaneroller, seier Håvard Flo.

Midtbanespelaren frå Ormskirk i England har vore ein del av Bolton sidan han var åtte år gamal, og han står med 34 kampar og eit mål for klubben som er på nivå tre i det engelske ligasystemet. I august i år forlenga han med Bolton fram til somaren 2023.

- Dei har stor tru på han i Bolton, seier Håvard, og legg til at han har fått eit veldig positivt førsteinntrykk av Ronan.

- Det er ein utadvendt og flott person som er veldig glad for at han får koma hit til Sogndal, seier Flo, som har jobba mykje for å få Darcy speleklar.

Ronan har hatt ein litt trøblete inngang til sitt norske opphald, grunna dei norske koronarestriksjonane. No er alle formalia i orden, og han kan snart slutta seg til Eirik Bakke og dei nye lagkameratane på Fosshaugane.

Det er trenar Eirik Bakke veldig glad for.



- Ronan er ein ung, ambisiøs gut som har spelt ein del i Bolton, fortel Bakke.

- Han vil ha godt av å koma seg litt vekk og bli litt vaksen, eit låneopphald i Sogndal vil gjera godt for han.

- No må me få han i trening og gi han litt tid. Me håpar at han om nokre veker kan melda seg på og få litt speletid, og vera med og bidra til at me får ein god haust, avsluttar Bakke.

Me gler oss til å bli betre kjent med Ronan, og til å sjå han i aksjon!

Les også på heimesida til Bolton Wanderers
 

Ronan Darcy er veldig motivert for å bidra for Sogndal (Foto: Bolton Wanderers)
Ronan Darcy er veldig motivert for å bidra for Sogndal (Foto: Bolton Wanderers)

 

Annonse fra Obos-ligaen: