
Ruben reiser heim til Førde
Returnerer til moderklubben etter fem år i Sogndal Video
Etter fem sesongar på Fosshaugane Campus, forlet no Ruben Holsæter saftbygda til fordel for heimbygda Førde.
Sjå videointervju med Ruben nederst i artikkel.
I går vart det kjent at Ruben tek på seg Førde-trøya neste år. Moderklubben har hatt ein tøff sesong, dei enda sist i 2. divisjon og skal neste år måle krefter mot Fjøra.
Ruben har signert ein avtale som strekkjer seg over to år.
- Me er veldig glade for å få signert ein spelar av Ruben sitt kaliber for dei to kommande åra. Han vil vere ein nøkkelspelar for FørdeFotballen framover. Etter fleire år i Sogndal har han tileigna seg mykje erfaring og tek med seg en sterk treningskultur derfra som me vil nytte oss av. Holsæter vil også vere sentral i profilen vår med sterkare lokal identitet, seier sportsleg leiar Johan Pettersen til klubben si heimeside.
Ruben skal også vere tilknytta fotballakademiet i Førde.

- Det var stort å få debutera frå start mot Rosenborg på Lerkendal!
— Ruben Holsæter
Det heile starta med eit innhopp på ein regntung Viking Stadion i 2011. Ruben fekk sin etterlengta debut i Tippeligaen, og gjorde sakene sine so bra at han fekk starta hengekampen mot Rosenborg nokre dagar etter. Det å få debutera frå start på Lerkendal er eit av dei beste minnene Ruben har frå tida si hjå oss.
- Ruben er ein kjempefin gut som har tilført gruppa mykje, både på og utanfor bana i desse fem åra, seier sportsleg leiar Håvard Flo, og ønskjer han lukke til vidare i Førde.
Ruben fekk fem kampar i sin første sesong, og det første målet i Tippeligaen kom i borteoppgjeret mot Fredrikstad som enda 2-2.
I 2012 fekk han fjorten kampar i Tippeligaen under den nye trenaren Jonas Olsson.
- Jonas hadde stor tillit til meg, og i 2013 fekk eg mykje speletid.
Det året står som det beste for Ruben her i Sogndal. Førdianaren spelte i 27 seriekampar og noterte seg for ei viktig skåring mot Sandnes Ulf.

I 2014 vart han skada og måtte gjennom ein operasjon. Før han la seg under kniven rakk han skåring mot Vålerenga og sytten kampar, men han vart ikkje klar til seriestarten i den første sesongen under trenar Eirik Bakke.
Det vart likevel ni kampar i fjor, og hans skåring med nasen mot Strømmen viste seg å vera viktig, då mannskapet til Espen Olsen gav oss kamp til døra i oppgjeret som til slutt enda 3-2.
I 2016 vart det 10 tippeligakampar, og totalt noterte Ruben seg for 73 kampar i seriesystemet og ni kampar i NM, totalt 82 obligatoriske. Han skåra tilsaman 5 mål for oss.
No vert det fotball og sau framover i Førde, og Zico er nok glad for at han får ha matfaren litt meir heime i tida som kjem.
