Runde 1: lagoppstillinga mot Vålerenga!

Her er gjengen som startar årets fyrste kamp i OBOS-ligaen!

No er det endeleg seriestart, og om kort tid er det avspark på Intility! Tore André har valgt ut sine elleve, og karadn er i gang med dei siste førebuingane inn mot kampstart.

Martin André Sjølstad og Jacob Blixt Flaten er skadefrie og tilbake i startellevaren. Lars Jendal skal forsøke å stenge buret med hjelp av stopparduoen Per-Egil Flo og Daniel Arrocha. Framover i bana er det Erik Flataker og Joakim Nundal som utgjer spissduoen. Resten av laget ser slik ut:

Lagoppstilling Vålerenga (runde 1).png

På benken finn me vår nye keeper, Magnus Stær-Jensen, som er på lån frå nettopp Vålerenga. Resten av benken består av spelarar med mykje speletid i oppkøyringa som er klare for å bidra når det trengst!

Billett til kampen kjøper du her!

Me håpar å sjå deg på stadion når dommaren bles i fløyta for fyrste gong i årets sesong. Om du ikkje er på stadion kan du sjå kampen på Fjøra Pub i Sogndal. Det er Tv2 som sender kampen, og du kan sjå den på Tv2 play eller på Direktesport med ditt abonnement på Sogn Avis!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: