Runde 1: Vålerenga - Sogndal

Der er klart for 1. serierunde når me møter Vålerenga på Intility!

  • Vålerenga - Sogndal
  • Måndag 1. april klokka 17:00
  • Intility Arena

Endeleg er det klart for seriestart, og me er klare for den fyrste kampen av årets OBOS-liga. Motstandaren er Vålerenga på Intility Arena, og det blir ein hard kamp om poenga!

Ei lang oppkøyring enda med storsiger mot Raufoss og eit knepent tap mot Brann. Fyrst no når det skal kjempast om poeng ser me verkeleg kor me står. Laget reiste til Oslo i dag, søndag, og trenar på Intility klokka 17:00 i kveld. Her blir dei siste førebuingane til kampen gjort.

Me håpar det kjem mange for å støtta oss på kampen i morgon. Samlingsstaden for Sogndalsupportarar i Oslo er Scotsman på Karl Johan. Her er alle velkomne til å samlast og lada opp til kampen.

Billettar til kampen kjøper du her!

Om du er i Sogndal på måndag kan kampen sjåast på Fjøra Pub! Dørene opnar klokka 16:30, og med kampstart klokka 17:00 rekk ein mykje fotballprat både før, under og etter kamp. Ta turen til puben og sjå kampen saman med andre supportarar!

Arrangementet ligg også på Facebook!

Me gler oss til kampen, og skal gi alt for at 3 poeng er med på bussen heim! I svart og kvitt me stormar fram!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: