Runde 10: Start - Sogndal

Ny bortekamp i OBOS-ligaen, denne gong i Kristiansand!

  • Start - Sogndal
  • Tysdag 28. mai kl. 19:00
  • Sparebanken Sør Arena

I runde 10 av OBOS-ligaen reiser me til Kristiansand, og er klare for å møte Start. Sørlandsklubben har hatt ein tung start på sesongen, men i førre heimekamp tok dei ein sterk siger. Me ventar oss ein ny tøff kamp, men skal gjere alt for å ta med oss tre poeng heim til Sogndal!

For Start har den siste perioden inneheldt mykje utanomsportsleg støy. Azar Karadas har overteke hovudtrenaransvaret før denne sesongen, og det har vorte ein tung start for den tidlegare Sogndalspelaren. 1 siger, 3 uavgjorte, 5 tap og 15. plass på tabellen er fasit etter 9 serierundar. I førre heimekamp tok dei ein sterk 4-3-siger mot Egersund, og viste at det kan bli tøft å møte Start i Kristiansand.

Etter uavgjort i førre kamp vil karadn tilbake på vinnarsporet, og det er ein svolten gjeng som reiser på poengjakt på Sørlandet. Sparebanken Sør Arena er ein stadion me har slitt på dei siste sesongane, og det er det på tide å gjere noko med. Me håpar på god støtte frå bortefeltet i Kristiansand, og satsar på å sjå deg på kamp.

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: