Runde 11: Poengjakt på Nordre Åsen!

Me er klare for ein ny bortekamp i OBOS-ligaen!

Skeid - Sogndal

  • Onsdag 18. juni kl. 19:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 11

Allereie i morgon ventar ein ny test i OBOS-ligaen, og det er Skeid som er motstandar. Me skal kjempe om poeng på Nordre Åsen!

Skeid har fått ein tøff start på årets sesong, og ligg på 16. plass på tabellen. Førebels har dei ikkje vunne i 2025, men dei har allikevel klart å ta poeng mot både Lillestrøm, Lyn og Hødd. Hovudtrenar Vilde Rislaa og co er garantert klar for ein siger, og det blir utan tvil ei tøff oppgåve å møte Skeid på Nordre Åsen.

Me håpar å sjå mange supportarar på kamp i morgon. Det er mange trufaste supportarar i området rundt Oslo, og i tidlegare oppgjer har støtta vore fantastisk. Ta med vennar og familie, kle dykk i svart og kvitt og kom på kamp!

Kjøp billett her!

For dei som ikkje har anledning til å reise på kamp finst det andre alternativ. Kampen blir som vanleg vist på TV2 Play, men ein kan også sjå den på Sogn Avis/Direktesport med eit abonnement der. Me går for 3 poeng og håpar du følgjer oss anten på stadion eller framfor tven!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: