Runde 12: Sogndal - Egersund

Egersund kjem på besøk til Fosshaugadn i runde 12 av OBOS-ligaen

Sogndal - Egersund

  • Søndag 9. juni kl. 17:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2024, runde 12

Me er klare for ein ny heimekamp, og er revansjelystne etter førre serierunde. På søndag kjem Egersund på besøk, og me skal tilbake på vinnarsporet! Kjøp billett allereie no, og kom på kamp. Me treng den tolvte mann i ryggen i kampen om poenga!

Kjøp billett her!

Neste kamp.png

Egersund har starta sesongen godt, og står med 18 poeng etter dei fyrste 10 kampane. 3-3 borte mot Kongsvinger og 4-5-siger borte mot Stabæk står fram som råsterke resultat til no i årets sesong. Egersund er det laget i OBOS-ligaen som saman med Vålerenga har tatt flest poeng på bortebane, og blir ei tøff nøtt på søndag. Andreas Helmersen har scora 10 mål og er toppscorar for Egersund, og berre to mål bak Sanel Bojadzic i Levanger. Førre kamp tapte Egersund heime mot Raufoss, og me får besøk av eit lag som jaktar poeng!

K P
6 Stabæk 14 23
7 Sogndal 15 23
8 Lyn 15 21
9 Ranheim TF 15 20

Etter ein god start på sesongen har det butta litt i mot dei siste kampane. Flott angrepsspel og mange sjansar har diverre ikkje resultert i poeng, men mot Egersund skal me tilbake på vinnarsporet. Karadn har jobba godt på feltet den siste veka, og på søndag skal dei vera kampklare!

Søndagen startar med at Sogndal FK Damer tek i mot Røa 2 på Fosshaugadn klokka 12:00. Ta gjerne turen for å støtte jentene. Skraol Pub er open som vanleg frå klokka 15:00, og me har altså avspark mot Egersund klokka 17:00. Det blir ingen alkoholservering denne kampen, men me tilbyr framleis god drikke og snacks. Skraol er ein flott samlingsplass før kamp, og me håpar å sjå deg på søndag også! Dette skal bli ein bra dag med mykje fotball! Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn på søndag, og satsar på 3 poeng i begge kampane!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: