Runde 13: Lyn - Sogndal

Ny bortekamp i OBOS-ligaen, og me skal til Oslo

Lyn - Sogndal

  • Søndag 16. juni kl. 15:00

  • Bislett Stadion

  • OBOS-ligaen 2024, runde 13

Me skal ut på tur igjen, og denne gongen reiser me til Oslo. Bislett Stadion og Lyn er det som ventar oss i runde 13 av OBOS-ligaen, og me treng 3 poeng. Etter 4 kampar utan siger er det verkeleg på tide å vinne, og karadn går for alle poenga på søndag!

Lyn rykka opp frå PostNord-ligaen før årets sesong, og har klart seg godt i OBOS-ligaen 2024. Etter 12 kampar står dei med 4 sigrar, 6 uavgjorte og 2 tap. Det resulterer i 18 poeng og foreløpig 6. plass på tabellen. 20. april solgte dei ut heile Ullevaal og spelte 1-1 mot Vålerenga i Osloderbyet. Vår neste motstandar har spelt heimekamp på 3 ulike arenaar i år, men når me kjem på besøk er det på Bislett Stadion som gjeld.

Dei siste kampane har det vore litt stang ut, og berre to poeng på dei 4 siste kampane er mindre enn me er nøgd med. 4 sigrar, 5 uavgjorte og 3 tap er fasit etter 12 rundar, og ein siger mot Lyn hadde gjort godt. Karadn brukar no veka på å førebu seg best mogleg til kampen. Lyn er ein tøff motstandar, og me er klare for kamp.

Me håpar at sogningar i Oslo og andre Sogndalsupportarar tek turen til Bislett på søndag. Me treng verkeleg all den støtta me kan få, og hjelpa frå deg på tribuna kan vere akkurat det me treng for å sikre sigeren. Kle dykk i svart og kvitt og ta med vennar og familie! Sjåast me på kamp?

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: