
Runde 14: Endeleg er OBOS-ligaen tilbake!
Stabæk kjem på besøk til Fosshaugadn, og me vil sjå deg på tribuna! A-laget
Sogndal - Stabæk
-
Laurdag 26. juli kl. 14:00
-
Fosshaugane Campus
-
OBOS-ligaen 2025, runde 14
Sommarferien er over, og me skal endeleg spele kamp igjen! I morgon kjem Stabæk på besøk til Fosshaugadn, og karadn jaktar 3 poeng i den fyrste kampen etter ferien!
Stabæk har hatt ein tøff sesong, og etter at alle laga har spelt 13 kampar, ligg dei på 14. plass med 13 poeng. Tidlegare i juli vart det klart at hovudtrenar Jörgen Wålemark var ferdig i klubben, og at Bjørn Helge Riise overtek som midlertig hovudtrenar. Same mann overtok også hovudtrenaransvaret i fjor haust, og den fyrste kampen var mot nettopp Sogndal på Nadderud. Det enda med siger for heimelaget, og me har heilt klart mykje å revansjere frå hausten 2024.
Sist me møtte Stabæk på Fosshaugadn vart det ein fartsfylt og underhaldande kamp. Oliver Hintsa sendte oss i føringa før det var spelt eitt minutt, men Stabæk snudde kampen og vann til slutt 2-3. Stortalentet Oskar Spiten-Nysæter scora to av måla for bortelaget, men på laurdag får han ikkje sjansen til det, då han er seld til Molde og Eliteserien. Mykje har skjedd sidan i fjor, og me skal utan tvil gå for alle 3 poenga!
Velkommen til Skraol
Skraol er som vanleg open frå 2 timar før kampstart, og me håpar å sjå deg der. Samlingsplassen på Fosshaugane er ein fin møtearena for dei som skal på kamp, og her kan ein nyte noko godt i glaset saman med vennar og bekjente. Det blir også eksklusive intervju med begge lag sine hovudtrenarar og ein får eit spennande innblikk i status rett før kampstart. Det er også mogleg å ta turen innom Sogndalbui før kampen, så her er det berre å møte opp i god tid!
Luis Pimenta og karadn har brukt ferien godt, og no er planen lagt før haustsesongen. Dei fyrste vekene med trening har sett bra ut, og no gler dei seg til å sjå publikum tilbake på stadion:
Det er meldt om over 20 grader og halvskya under kampen, og kva er vel betre enn å tilbringe laurdagen på kamp? Ta med familie og vennar, kjøp billett og hjelp oss til 3 poeng! NB. Aktivitetstilbodet på familietribuna for våre yngste supportarar er diverre stengt i morgon grunna byggearbeid.
STAO NO PAO!