Runde 15: Moss - Sogndal

Karadn er klare for ein ny bortekamp i OBOS-ligaen!

Moss - Sogndal

  • Onsdag 30. juli kl. 18:00

  • Melløs Stadion

  • OBOS-ligaen 2025, runde 15

Allereie i morgon er det klart for ein ny tøff kamp i OBOS-ligaen. Karadn har reist austover, og i morgon møter me Moss på Melløs. Kjem du på kamp?

Moss har levert gode sesongar i OBOS-ligaen etter opprykket, og me har fått teste oss mot eit vanskeleg lag dei siste sesongane. Sidan 2023 har laga møtst 5 gonger, og 4 av desse har enda med siger for oss. Det førre møtet vart derimot ikkje ei god oppleving, og det stod 3-0 på tavla på Melløs i august 2024. Målet blir å revansjere fjoråret, og karadn er klare for å gi alt i kampen om 3 poeng.

Moss ligg på 13. plass med 16 poeng etter dei fyrste 14 serierundane. Det har blitt ein tyngre sesong enn dei to foregåande, men Moss er alltid eit vanskeleg lag å møte på Melløs. Alle deira 5 sigrar har kome på heimebane, og det er utan tvil ei utfordring som ventar oss i morgon. Thomas Myhre starta sesongen som hovudtrenar på Melløs, men etter at han gjekk til HamKam er det no Ole Martin Nesselquist som har tatt over.

Etter treninga på måndag tok me ein prat med Jacob Flaten. Vinden blas godt, men midtbanespelaren er klar for kamp i morgon, og håpar å sjå deg på tribuna:


Det er mange sogningar i Oslo på Norway Cup denne veka, og me håpar å sjå mange av dykk på kamp. Karadn skal gi alt på bana, og med litt ekstra hjelp frå tribuna går me for 3 poeng!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: