
Runde 16: Haustsesongen sparkast i gang mot Skeid på Fosshaugadn!
Kampane kjem tett, og me får ein rask moglegheit til å slå tilbake! A-laget
Etter ein skuffande kamp på onsdag er det på tide å slå tilbake på heimebane. Allereie i morgon kjem Skeid på besøk til Fosshaugadn, og me skal ta 3 poeng!
Skeid har fått ein tøff start på sesongen etter opprykket i fjor. Etter halvspelt sesong står dei med 9 poeng og ligg sist på tabellen. Deira einaste siger i år kom mot tabellnabo Mjøndalen før ferien, men Skeid har ikkje tapt sidan me var på besøk. Sigeren mot Mjøndalen vart fulgt opp med uavgjort mot Aalesund, Raufoss og Ranheim, som viser at det på ingen måte blir ein enkel kamp i morgon.
Sist me møtte Skeid var 18. juni, og dette var også sist me tok 3 poeng i OBOS-ligaen. Scoringar frå Sebastian Pedersen, Oliver Hintsa og Joakim Nundal sikra ein deilig 4-1-siger. I kampane etter har me ikkje klart å bikke det i vår favør, men på laurdag er det på tide å slå tilbake. I mellomtida kan me nyte høgdepunkta frå førre møte:
Klare for kamp
Med eit tett kampprogram er det viktig å halde spelarane kampklare, og det er Kasper Lie som sit med det fysiske ansvaret. Her fortel han meir om rolla si i støtteapparatet og kva som er fokuset mellom kampane i perioden me er inne i:
Hovudtrenar Luis Pimenta har fått 4 gule kort denne sesongen, som betyr at han må sjå kampen mot Skeid frå tribuna. Då er det resten av teamet som leiar laget undervegs i kampen, og Patrik Karoliussen håpar på betring frå onsdag. Me tok ein prat med han etter dagens trening:
Martin Sjølstad har vore i god form dei siste kampane, og me har fått sjå både målgivande pasningar og mål frå venstrebacken. Han håpar å halde fram med å produsere målpoeng, og vil sjå mange supportarar på kamp i morgon:
Open mikrofon i Skraol
Skraol er open som vanleg, og dørene opnar kl. 14:00 i morgon. Denne kampen ønskjer me å teste eit nytt konsept, og håpar at mange vil kome innom før kampen. Frå kl. 15:00 vil det vere open mikrofon, der alle som ønskjer kan stille spørsmål til dagleg leiar Gisle Olsen. Me anbefalar folk å ta turen, og håpar på nokre gode spørsmål frå salen. Det blir også intervju i forkant av kamp som normalt. Ta turen til stadion tidlegare enn du pleier og lad opp til kampen saman med oss! Skraol held ope 2 timar før kamp, i pausen og 1 time etter kamp.
Me gler oss til ein ny heimekamp, og håpar verkeleg å sjå dykk på tribuna. Den ekstra støtta frå dykk kan bidra til at me kjem tilbake på vinnarsporet, og i morgon skal me ta 3 poeng!
STAO NO PAO!