Runde 17: Egersund - Sogndal

Ny tøff bortekamp i OBOS-ligaen!

Egersund - Sogndal

  • Laurdag 3. august kl. 16:00

  • B&G Parken

  • OBOS-ligaen 2024, runde 17

Karadn fekk det verkeleg til å stemme mot Start, og sikra ein flott siger på heimebane. Det var den perfekte måten å slå tilbake på, og no vil dei fortsette sigersrekka på bortebane. Det blir ein tøff kamp mot eit godt Egersundlag, men karadn er klare til å kjempa!

Vår neste motstandar har hatt ein særs god vårsesong etter opprykket frå PostNord-ligaen. Etter dei fyrste 15 kampane låg dei på 4. plass, og sigeren i førre runde mot Aalesund sendte dei opp til 3. plass i OBOS-ligaen. Egersund har til no vore det beste laget i ligaen på bortebane, men statistikken på heimebane er ikkje like god. På 7 heimekampar står dei med 2 sigrar, 3 uavgjorte og 2 tap. Berre Sandnes Ulf og Aalesund har færre poeng på heimebane denne sesongen, men det er viktig å legge merke til at Egersund har spelt 1 kamp mindre enn dei fleste laga.

Toppscoraren deira med 13 mål er Andreas Helmersen, men han er seld til Bodø/Glimt. Nr. 2 på lista, Stian Michalsen, med 5 mål og 5 målgivande er diverre skada resten av sesongen. Nr. 3 på lista, Heine Larsen, er også seld og fortset karriera si i Tromsø. Det betyr altså at Egersund har mista sine 3 mest målfarlege spelarar, men dei har også forsterka seg. Kongsvingerspelar Joachim Holtan er henta inn på lån og tidlegare Start-spiss Jack Lahne er også henta inn før siste del av sesongen. Egersund kjem til å gje oss tøff kamp om poenga, og karadn skal vera klare!

Erik Flataker, Jacob Blixt Flaten og målscorar Oliver Hintsa klemmer rundt kvarandre etter at Oliver Hintsa har satt inn 1-0 mot Egersund
Oliver Hintsa sendte oss i føringa i heimekampen mot Egersund

I heimekampen mot Egersund spelte me 2-2 etter ein jamn kamp. Oliver Hintsa sendte oss i føringa før Egersund snudde til 2-1 etter scoringar av Andreas Helmersen og Heine Larsen. Edmund Baidoo utlikna til 2-2 10 minutt før slutt, og det enda med poengdeling. Høgdepunkta frå kampen kan du sjå i videoruta under:


Karadn gjennomfører siste trening på Fosshaugadn på fredag før dei reiser til Egersund. Kampen startar klokka 16:00 på laurdag, og me håpar det dukkar opp mange på bortefeltet. Med god støtte frå dykk aukar sjansane for poeng!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: