
Runde 17: Me jaktar nye poeng på Consto Arena!
Mjøndalen er motstandar i vår neste kamp i OBOS-ligaen! A-laget
Mjøndalen - Sogndal
-
Søndag 10. august kl. 17:00
-
Consto Arena
-
OBOS-ligaen 2025, runde 17
Etter sigeren mot Hødd tek me med oss positiv energi til den neste kampen. Allereie på søndag møter me Mjøndalen på Consto Arena, og me jaktar nye poeng!
Mjøndalen kjempar for å unngå nedrykk, men i det siste har dei funne formen. I løpet av dei 4 siste kampane har dei spelt uavgjort mot Kongsvinger, tapt for Start og vunne mot Åsane og Skeid. 2 av 3 sigrar har altså kome i løpet av ei veke, og me er klare for ein tøff kamp på Consto. Etter 17 serierundar ligg Mjøndalen på 15. plass med 14 poeng, og har berre 3 poeng opp til sikker plass.
I vårt førre møte med Mjøndalen vart det jubel på Fosshaugadn. Etter ein kamp med sjanse på sjanse utan utteljing, løysna det endeleg på overtid. Leander Øy stengte buret i 90 minutt, men på overtid måtte han altså gi tapt. Oliver Hintsa banka ballen i mål og sendte Fosshaugadn til himmels! Denne kjensla gløymer me ikkje, og me håpar på liknande scener på søndag!
Lukass Vapne leia laget som kaptein for fyrste gong mot Hødd, og løyste oppgåva meisterleg. Ein god prestasjon for laget vart krona med eit nydeleg mål på langskot. Me tok ein prat med han etter dagens trening:
Preben Asp er vår nyaste signering, og mot Hødd fekk han debuten i OBOS-ligaen. Det vart mykje defensiv jobbing for spissen, men med siger vart debuten ei god oppleving:
Luis Pimenta var spesielt nøgd med fyrsteomgangen mot Hødd, og etter pause fekk han sjå at at laget hans kriga inn ein viktig siger. No er fokuset på neste kamp, og me gler oss til søndag:
Me håpar å sjå mange på bortefeltet på søndag, og karadn lovar å kjempe hardt for poenga! Med ein siger i bagasjen frå onsdag er dei fulle av energi og klare for å gi alt mot Mjøndalen! Sjåast me der? For dei som ikkje får sett kampen på stadion blir den sendt på TV2 Play eller Sogn Avis/Direktesport!
STAO NO PAO!