IMG_4577

Runde 2: Sogndal - Mjøndalen

Me er klare for sesongens fyrste heimekamp når Mjøndalen kjem på besøk! Klarar me 2000 solgte billettar?

  • Sogndal - Mjøndalen
  • Laurdag klokka 16:00
  • Fosshaugane Campus

Endeleg skal det spelast seriekampar på Fosshaugadn igjen, og på laurdag tek me i mot Mjøndalen. Etter eitt poeng i fyrste runde går me no for årets fyrste siger. Me går for over 2000 solgte billettar! Kom på kamp!

Kjøp billett her!

Mjøndalen byrja sesongen på heimebane mot Raufoss. Kampen enda 1-1 etter overtidsscoring frå Kebba Badjie på Raufoss. Mjøndalenspelar Alie Conteh fekk direkte raudt kort i kampen, og er suspendert til kampen på laurdag. Me ventar oss ein tøff kamp, men går for tre poeng!

Karadn våre har hatt ei fin veke på trening etter kampen på Intility. No er dei klare for å spele framfor heimepublikummet på Fosshaugadn. Ta turen for å sjå Edmund og resten av laget by på flott angrepsfotball!

Kjøp billett her!

Etter dagens trening fekk me ein prat med kaptein Per-Egil Flo, Jacob Blixt Flaten og Rune Bolli Bolseth:




Skraol Pub hadde sin fyrste opningsdag i generalprøva mot Brann. Det vart ein suksess, og me fekk sjå mange smilande supportarar før, under og etter kamp. På laurdag opnar puben klokka 14:00, og me håpar å sjå deg der! Velkommen!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: